TURNERINGSREGLEMENT
Entec Cup blir gjennomført etter NFFs reglement. Unntaket er dei endringane som går fram av turneringsreglementet.
KLASSE
G/J06, G/J07, G/J08, G/J09, G/J10, G/J11 og G/J12 blir spelt etter NFF sine spelereglar for barne- og ungdomsfotballen.
TURNERINGSREGLEMENTET ER DELT INN I 3 KAPITTEL
Kapittel 1: Kampreglement og speletid
Kapittel 2: Konkurranse- og sanksjonsreglement
Kapittel 3: Reglement for speleberettigelse
KAPITTEL 1: KAMPREGLEMENT
Speletid
3ar fotball (6år): 1x13 min (minimum 5 kampar)
3ar fotball (7år): 1x13 min (minimum 5 kampar)
5ar fotball (8-9år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
7ar fotball (10-12år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
Ballen
I aldersklassene 6-7år nyttast ballstørrelse nr. 3.
I aldersklassene 8-12år nyttast ballstørrelse nr. 4.
Banehalvdel
Laga stiller på den banehalvdel som dommaren bestemmer.
Drakter
Bortelaget skal skifte drakter ved like drakter. Overtrekksvestar kan lånast av arrangøren.
Spelarane sitt utstyr
Kvar einskild spelar skal bruke leggskinn/leggbeskyttar. Trenar/ lagleiar har ansvar for at kvar einskild spelar har sitt utstyr er i orden ved kampstart. Manglande bruk av leggskinn er ikkje protestgrunnlag.
Frammøte
Alle lag pliktar å stille ferdig skifta ved den bana laget sin kamp skal spelast på seinast 10 min før kampen skal starte.
Kampoppsett
Kampoppsettet vil bli publisert og kommunisert ut i god tid før turneringa tek til, dvs. seinast 12 dagar før turneringsstart. Ved evt. mindre endringar i kampoppsettet inn mot turneringshelga, vil dei laga det gjeld få beskjed av arrangøren om at det er gjort endringar i kampoppsettet. Kontaktpersonen som er oppnemnt ved påmelding vil då bli kontakta. Uansett ber vi om at laga sjølve held seg orientert om kampoppsettet heilt inn mot turneringsstart.
Kampavvikling
Det vert spelt fotball etter NFF sine spelereglar.
Aldersgruppa 6-7år vil spele sine kampar i Ulsmohallen under gode forhold uansett vær.
I spelforma 3v3 vil laga få minst 5 kampar. I dei øvrige spelformene vil alle lag få spele minst 3 kampar.
Ved for få påmeldte lag i enkelte klasser, kan arrangøren velje slå saman to aldersklasser.
Det vert ikkje spelt sluttspel i nokon av klassene.
KAPITTEL 2: KONKURRANSE- OG SANKSJONSREGLEMENT
Det skal ikkje nyttast advarsel. Dommaren skal vegleie spelarane på ein god måte dersom det er begått forseelsar som normalt betingar ein advarsel.
Fair Play
Vi oppmoda lagleiarar, trenarar, spelarar, foreldre og alle andre som er innom turneringa til å vise Fair Play!
Dersom det oppstår episodar i ein kamp, skal Fair Play ansvarleg bli kontakta og evt. rapportere hendinga inn til arrangøren dersom hendinga sin karakter tilsei det. Arrangøren vil då gripe inn i sakens kjerne og kalle inn partane som har vore involvert i episoden .
KAPITTEL 3: REGLEMENT FOR SPELEBERETTIGELSE
Generelt
Alle spelarane må vere speleberettiget for den klubb vedkomande representerer under Entec Cup.
Det er tillat å delta på andre lag frå eigen klubb i samme klasse.
Trenar/ lagleiar må forsikre seg om at spelarane som deltek på laget ikkje er registrert som speleberettiget for ein annan klubb.
7-ar fotball
I klassene G10, G11, G12, J10, J11 og J12 er det tillat å ha med 1 overårig i troppen.
5-ar fotball
I klassene G08, G09, J08 og J09 er det tillat å ha med 1 overårig i troppen.
3-ar fotball
I klassene G06, G07, J06 og J07 er det tillat å ha med 1 overårig i troppen.
HØDD FOTBALL
ENTEC CUP 2024